fredag 31. august 2007

Reiserute


Ikkje alle eg snakkar med er 100% sikker på kor Malaysia er. Så eg har like greit teikna reiseruta:

Tirsdag 4 Sept: Oslo-Stockholm , Stockholm- Kuala Lumpur. (Malaysia)
Torsdag 20 Sept: Kuala Lumpur - Sydney

Stockholm- Kuala Lumpur strekningen tek 11,5 time!! håpar dei har film i flyet!

Avskjedsmiddag! ++

Ja, det er lenge til eg skal få komme heim til skikkeleg middag, så då fekk eg velge akkurat det eg ville ha! Det blei:
1) Røykt aure med melon og rømmesaus
2) Lammelår med fløtegratinerte poteter
3) Dronning maud pudding
Eg åt godt, kan du sei ;o)

Fostersøster Elin og Ruben(sonen) var innom, Emilie kom, og mormor, farfar og Margith.
Veldig koseleg!

mormor og farfar!


Har også fått komlemiddag hjå svigers.. fantastisk!


Fekk tid til kafèbesøk med Anne Martha idag! Me sat inne i grotta på tesalongen i byen, og preika tull&tøys. Tenk at så mange av oss russ07 er blitt studentar no! Så flinke de er!

Sykepleiar Anne Martha!


Vil òg få sei tusen takk for presangar, fine ord og telefonar eg har fått av forskjellige! Kjem til å sakne så mange. Og, eg skriv det her også, dersom det er nokon som vil ha postkort går det ann å skrive adressa som kommentar her! Så kan me sjå kva som kjem i postkassen! hoho;)

onsdag 29. august 2007

Siste dag på jobb!

Skulle tru det berre var fryd & gammen, (mest gammen), men sanneleg vart det litt trist og. Må berre sei at eg har vore veldig heldig med sommarjobben. Har fått jobbe så lenge eg vil, jobben har vore veldig OK, og ikkje minst; kjekke folk! Så det var litt vemodig.

Men! Det betyr jo berre ein ting! Og det er at det nærmar seg enda meir! HOHO! :)

ps. Satsar på at Per Sigmund er nøgd med "photoshop"-jobben min på bilete! gløymer ikkje GK-triks så fort! ;o)

mandag 27. august 2007

Ta-da! Ein blogg!

Tida har gått så fort, og snart reiser me! Så uverkeleg! Det var så lenge til då vi bestilte billettane, og tida har gått så fort. Føler det enno er mykje eg vil gjer her heime, mykje eg vil lese om reisemåla og mykje som gjenstår å planlegge.. På berre ei veke!!
MEN; no er iallefall bloggen på plass. Satsar på å halde kontakten med alle her heime her.