(- "Ungene" er i dette tilfelle frk. Ankile)
Ja, for no er frk. Ankile og eg kaptein på eigen skute! Ida sa det så fint på Facebook-wallen sin: "Vi flyr som løv i vinden!"
Sist veke flydde vi til Kolkatta, tidlegare kalla Calcutta. (Det er ikkje berre byen som har to navn. Det hadde alle gatene også, særs praktisk når ein ikkje er kjend og berre det eine namnet står på kartet. )
Kolkatta var blodekte India by. Allereie på flyplassen var det mas og kjas og vi blei nesten lurt. Plutseleg slår det meg at: "Her sit eg. I ein taxi. Kvit og hokjønna. I ein indisk millionby samman med ein person som også er kvit og hokjønna, og klokka er snart midnatt og rundt oss er det kun menn og det er mange menn og dei er mørkare enn oss og vi er plutseleg veldig, veldig kvite og veldig lite menn." Alt gjekk bra, men eg er tydlegvis ikkje like bråkjekk og tøff i trynet som
då eg var 19. (Nitten år= toppen av livet. Derfrå går det kun ein vei.)
To ting er verdt å nemne frå Kolkata. Vi fekk jobbe som frivillig på eit Mor Theresa borneheim for funkjsonshemma born. Trente, leika, mata og skifta på dei. Nydelege born, rett og slett, vi var heldige som fekk moglegheita til dette. Neste dag vart vi invitert heim til familien til ein taxisjåfør. Vi var sjå dei heile dagen, og fekk treffe tanter, onklar, søskenborn, born til søskenborn, søskenborn til onklar, og tanter til søskenborn og sånn kan ein halde på i det uendlege. Dagens lærdom; I Noreg har vi kjernefamilie, i India har dei storfamilie. Eg fortalte at eg flytta heimefrå då eg var 15 og at foreldra mine no bur aleine. Den indiske mora i huset rista sjokkert på hovudet. "Grusomt!", kom det frå ho momentant.
No er me i Darjeeling, ein by som ligg 2200 meter over havet, nord i Vest-Bengal, på grensa til Nepal. Etter dagane i Kalkotta satt vi stor pris på å kome opp til litt fjelluft. I Darjeeling har vi budd på turens beste hotell til no, som heiter Classic Guesthouse. Vi har veranda frå soverommet og rett utanfor døra står ein utruleg søt resepsjonist til ein kvar tid. (Hadde tante Sigrid vore her hadde ho flørta vilt.) Darjeeling er kjend for to ting, utsikten til mektige Himalayafjell og god te. Frk. Ankile og eg nyt begge deler i fulle drag.
IGJEN setter helsa ein liten stoppar for reisegleda. I desse svineinfluensa-tidene nekter eg å oppgi symptomer, men kan røpe såpass at det har satt ein dempar på Darjeeling opphaldet. Vi hadde tenkt å få oss nokre fine turar i fjellområda her, men det blir det diverre ikkje noko av. Usikker på kven det er mest synd på; Meg sjølv, som har vore like ofte sjuk som frisk i India, eller Ida, som har ein svekling som reisefølge. Det er lite ein kan gjere. Vi tek ein dag om gongen.
På onsdag er det tilbake til Delhi. Vi har to mål igjen på programmet før vi skal heim til fedrelandet. Det viktigaste er reportasjeturen min til landsbygda i Rajastan. Det er ennå usikkert kva tid det blir, men ein eller annan gong blir det. Dersom vi har meir tid, (og det har vi nok) skal vi til Rishikesh. Det er der Ganges kjem ned frå fjella og faktisk blir ei elv og Rishikesh er difor blitt ein heilag by. Blir moglegheit for yoga, og så er vi smågira på å rafte ein dag eller to eller tre. Viss helsa tillet det, sjølvsagt, som bestemødrene våre ville sagt.
Skrevet i Darjeeling, mandag 2 november.