lørdag 19. januar 2008

Perth - Adelaide

Fyrst av alt. Dersom du er nesten 50, har lite haar og til doemes heiter Stig. Stopp aa les.

Det skar seg med trailersjaafoeren me skulle faa skyss med. Han blei forsinka, og ville ikkje love at me rakk flyet. Kontakta eit par franskmenn som skulle same vei, men det var litt bittert sidan me var saa totalt innstilt paa aa faa gratis skyss. Saa daa var det berre ein ting aa gjere; Svinge haiketommelen!!!

Tok toget eit lite stykke i byrjinga, for aa finne ein god plass. Etter aa ha haika i ca 35 sekundar stoppa den fyrste bilen. Matthew, kjekk fyr, jobba med elektrisitet og kraftverk og slik. Satte himmel og jord i bevegelse, ringte dei fleste han kjende som koyrer trailer for aa hoeyre om dei skulle til Adelaide.
Slik blei det til at han stoppa Adrian. Han hadde koyrt trailer i 11 aar, sidan han var 20. Han var morosam, hang paa radion med andre trailersjaafoerane saann ca heile tida, og "hoooww yooouu dooiin MATE!??!! got company EYH. norwegian girls EYH.ahahaaa. see yaahh MATE!"
Morosam fyr. Og igjen, gjorde alt han kunne for aa hjelpe oss. Han skulle berre til Kalgoorlie. Men han fiksa overnatting i det minste.
Neste morgon traff me faktisk Mattew igjen. Han hadde hatt eit moete, men hadde tid til aa vise oss rundt foer neste. Saa slik fekk me sjaa ei svaer gullgruve. Det var stas.
Saa satt me paa med ein x-politimann som skreiv erotiske noveller paa fritida eit lite stykke. Og til slutt fekk me haik med Peter som koyrde trailer. Han var litt gammal, men snill og grei, og saa skulle han heilt til Adelaide.

Ellers maa eg seie at turen var heilt fantastisk. 2800 km, og 200 av dei er det kanskje sivilisasjon paa. Strekning etter strekning etter strekning med absolutt INGENTING! Me var heldige aa fekk sjaa masse dyr. Kenguru, oern, dingo, ville kamelar, rev, emu, kanin... ja, og kenguru! Masse kenguru. Laag som daude fluger langs vegen.

Medan me satt aa haika kom ogsaa poeten fram i meg. Cecilie blei saa roert og har insistert paa at eg skal publisere dei, saa her kjem det: (ps, skal lesast med nordnorsk dialekt og innlevelse. tenk Mari Boine)
Ingen vet hva framtida bringe
Ikke engang fluan
Ingen vet hvor klokkan ringe
Ikke engang Johan...
Vind, vind, det vil vi ha
Det er bra
Fluan drar

Saa me har hatt ein kjekk tur! Laga skilt aa satte fram som det stod "don't tell our mums" og "Adelaide" paa. Det syns trailergutta var moro. Drukke gratis kafffi paa trailerstasjonane, preika mannskit, og ikkje minst.. vore uendeleg mange timar paa veien.
(Og alle var samde i at det hadde vore ein vellykka tur.)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Høres konge ut, ikke det at jeg hadde turt å blitt med på haikingen.

Lenge leve samene:
http://www1.vg.no/film/film.php?id=8787

Anonym sa...

nærme meg 50 og har haika kjempemye i yngre dagar, trudde ikkje ungdommane våga det lenger, fin og GRATIS måte og reisa på.

Siv Jane sa...

Haiking er bra, men trur nok det er skumlaren nå enn då me haika rundt på 80 tallet :o)

Glede meg masse til du kjeme him og høra om ALT det spennande du har opplevd.

By the way.....Eg har ein utfordring til deg på bloggen min, ja du hørte rett, eg har blogg eg og - ein "kose" blogg.........