tirsdag 4. september 2007

Dagen før dagen!

Helga har gått så fort!
Lørdag kjørte me over fjellet. Var innom svigermor på vågslid, og fekk oss litt mat.
Søndag var det konfirmasjon, Sønstabø-klanen var samla med brask og bram.
Idag var eg og Kristian i Oslo. Sov lenge, og det var så herleg!! Etterpå traska med rundt i byen. Gjekk i 3 kvarter for å finne eit normalt, koseleg bakeri. Ellers blei det litt småshopping. Litt på apoteket, ei reisehandbok++. Fann ein veldig koseleg kafè som kan anbefalast! Fru Jensen bak slottet! God is og hyggelige folk!

Så var det Fjellhaug besøk. Der var mange kjende fjes. Isak, Bolt, Nils, Sindre, Tøffe-Tom, Daniel, Øyvind, (har eg gløymd nokon no?) Savnar lundenes-gjengen, spesielt alle frå klassen!

Nå er Kristian og eg på Gardemoen Gjestegård. Ein veldig grei plass! Ikkje alt som er heilt på plass enno i sekken, men det nærmar seg. Må stille inn ryggsekken og litt forskjellig. Blir altfor seint, men det er kanskje like greit, så kan eg sove på flyet imorgon.
Veit ikkje heilt når eg får oppdatert igjen, men eg satsar på at me finn ein internettkafè i Kuala Lumpur!
Preikast!

Ingen kommentarer: