Mandag morgon var det opp kl. sju for aa ta bussen til Kuala Kangsar. Trudde me. For bussar i Malaysia gaar naar bussar i Malaysia vil gaa. Me blei sittande i to timar. Eller 120 minutt. Eller 7200 sekund. (Saa sakte gaar tida naar du aller helst vil liggje paa eit kjoleg rom med air condition istadanfor ein varm buss-stasjon med mygg, maur, you name it..)
Det var absolutt verdt det, for paa mange maatar reiste me til hoegdepunktet paa turen. Homestay! Bu hjaa ekte malayfolk!
Tok bussen i vel tre timar, for saa aa gaa eit stykke, for saa aa ta baat til der dei budde. (Elva me kjoerte over er blitt brukt som location i eit par scenar i filmen "Anna and the King", for dei som er kjendisinteresserte.) Familien me vitja var kjempekoselege, og me foelte oss veldig velkommen. Dei to neste dagane blei brukt til lesing, eit lokalt klinkekulespill, gaatur og svoemming i elv. Og sjolvsagt lokal mat, og siste kvelden var det lokal kveld. Gjekk i sarongklede, satt paa gulvet og aat med fingrane! Litt spesielt var det ogsaa at den lille guten deira, Azam, fylde fire aar. Saa daa fekk med kake ogsaa! :)
Middag paa gulvet, med sarong rundt livet!
Azam blaaser ut fire lys. Skjoenn liten gutt, men leid av det kjende "laerarungar-syndromet", krevde merksemd 24/7.
Paa vei heim idag fekk me igjen kjenne Malaysias stabile buss-selskap paa kroppen. Satt 1,5 time og venta, foer det blei taxi istadenfor.
Saa, no er me tilbake til Kuala Lumpur, eller KL som den blir kalla. Merkeleg at det er gatt to veker sidan sist eg var her! Skulle tru det var to dagar. Ikveld har me spist farewelldinner i twin towers, og i morgon reiser nokon vidare, medan nokon reiser heim. Rart aa vaere saman med nokon i to veker, for saa tanken at ein aldri skal sjaa dei igjen! Ein veit jo aldri, men!
Norwegian girls!!!
Imorgon skal me bruke opp dei siste Ringgit'ane vaare. Og sidan alt me kjoper maa me
baere i 6 mnd kom eg paa den supre ideen at me kunne ta litt massasje! Saa imorgon skal Cecilie, Kristine og eg skjemme oss skikkeleg vekk. Foer me skal til flyplassen. Foer me skal til Australia!!! Wheei! :o)
Ellers faar eg stadig tilbakemelding om folk saa foelger med her. Og det er saa kjekt! Kjekt aa veta at nokon gidder aa ta seg tid til aa lesa og bry seg om meg/oss naar me er paa tur. Ogsaa er det jo kjekkare aa skrive naar det er nokon som leser, sjoelvsagt.
2 kommentarer:
Ka e ringgit'ar IDA? =)
Malaysiske penger. 1Ringgit er ca 2-2,2 kr. :)
Legg inn en kommentar