Eg skal vere heime til mandagskveld, då drar eg vidare til Gardemoen. Vi har for tida besøk langveisfrå, Tante Grethe og gutane skal vere i Noreg eit par veker. Til vanleg bur dei i Australia, så det er godt å kunne treffe dei når dei fyrst har tatt turen til Noreg. Det blir også kjekt å sjå lille Sigurd Emil igjen (nevøen min). Han er allereie blitt ein liten gut, tida går så fort!
Det var ikkje berre Volda eg forlot idag. Øyvind køyrde meg på flyplassen idag og no er det 8 veker til neste gong. I tillegg har me faktisk vore saman i eit halvt år idag! Eg kjem til å sakne både han og gode vener.
Legg inn nokre bileter frå 17. mai. Dramatisk nasjonalromantikk. Det gjor godt.

1 kommentar:
Dramatisk nasjonalromantikk må til en gang iblant. Du og Øyvind kunne vært i en turistbrosjyre for Norge :-D God tur!
Legg inn en kommentar