Me er i India! Kor er du?
Det er saa kjekt aa vere paa tur igjen. Eg har saa mange forventningar og tida gaar saa fort. Og me skal vere her i to, TO heile maanadar.
Me byrja gaarsdagen med eit besoek til den norske ambassaden. Eg var litt skeptisk til heile greia. Komme til India, og det fyrste me gjer er aa oppsoeke noko norsk? Me fekk ein gjennomgong av kva dei arbeider med og korleis dei samarbeidar med indiske myndigheiter. Maatte bite i meg skepsisen min, for dei kunne nemleg hjelpe meg godt i veg med reportasjeoppgaava mi. Fekk eit nyttig tips og god hjelp! I india er det slik at kvinner blir kvotert inn som folkevalgt i dei ulike regionane, utan at dei kan lese og skrive. Ein organisasjon jobbar med utdanning til desse kvinnene i fleire stater i heile India. Dette arbeidet blir sponsa av Noreg. Har faatt avtale med aa moete leiaren maandag neste veke, saa det blir spennande. Satsar paa aa faa reise til eit av sentera og sjaa korleis dei arbeider.
Vidare vitja me Qutb Minar. Dette er det fyrste muslimske monumentet i India, fraa 1199 e.Kr. Her fekk me nyte litt kjendisstatus. Mange ville ha bilete av oss og me ville ha bilete av dei. Fair and square. Sjekk bloggen til Mathias for ganske morosamme bileter! (www.mathiasjorgensen.com)
Idag var det Ida som var heldig. Tilfeldigvis saag ho ei annonse i The Times of India. Det skulle vere ei stor markering av Old People. (Ho har lyst til aa skrive om situasjonen til eldre i India)
Saa daa drog Ida & eg fraa dei andre for aa sjaa kva dette var. Det viste seg at dette er noko som er ganske vanleg i det politiske India. Chief Minister i Delhi (borgarmeister) Sheila Dikshit var der, og store deler av Congresspartiet. Var ulike talar og saa delte dei ut gratis briller og hoerselsapparat til eldre. Verka som om det var middelklasse som nytta tilbodet, me saag lite til fattigfolk.
Etter proevde me oss paa Old Dehli. Indisk KAOS! Folk og fleire folk og rikhshaw'ar og autorikshaw'ar og bilar og bussar og folk og folk og folk...
Eg kunne skrevet saa mykje! Indisk mat! Fantastisk altsaa. Det er saa godt. Og litt sterkt. Trafikken er vill. Fattigdommen synleg, saerskild paa nattetid. Daa ser ein menneske ligge tett i tett aa sove paa fortauet. Ellers tykkjer eg dei er saa vakre. Har proevd aa faa ta nokre naerbilete av ansikt.
Til slutt. Eg har stor tru paa gruppa. Eg trur me er ein god gjeng. Ulike personar, men gode saman. Eg gler meg!
ps. Fekk ikkje til bileter no. Mathias har eindel, sjaa der :)
4 kommentarer:
Heihei!
Sprek blogg! Pga upålitlig postvesen og mye midterms disse ukene, må jeg desverre sløyfra brevskrivinga. Men skal følge bloggen din =) Kos dere! Og stikk gjerne innom larsheltne.blogspot.com ;)
Kjære Ida Amelie!
Det e så sjukt kjekt å kunna lesa i reisebloggen din igjen! Såg nåken av bildene te reisevennen din, å eg e enige med deg; indiske folk har veldig spesielle fine ansiktstrekk!
Eg glede meg te å hørra meir om turen din.
Me har bedd for Indiaturen din på møte ikveld ;)
Håpe du kose deg masse! Glad i deg.
Det som ut som du har det ok+. BRA!
Kos deg videre og ver obs for svetteringar, det blir så flaut den dagen du blir kjendis og det blir brukt i mot deg..
det e viktig å spisa local spicy food. flink jenta.
Legg inn en kommentar