lørdag 13. oktober 2007

Rare folk og dyr

Godt over ei veke sidan sist oppdatering. Og det er ei veke med mange inntrykk!
Kom til seilbaaten. Mannen virka hyggeleg, han var gammal, 72 aar, og for tida skreiv han biograf og hadde wwoof'erar paa besoek med jevne mellomrom. Han virka som ein koseleg mann, han fortalde mykje om livet sitt. Tidlegare hadde han vore veldig opptatt av "chasing dollars", men etter at kona stakk av med ein wwoof-gut, fann han ut at det var viktigare ting aa bruke livet sitt paa. Han byrja aa skrive bok, og lagte ein seilbaat som han kunne ha wwoofgjester paa.

Som sagt, dei foerste dagane var veldig ok. Det einaste problemet var at me fekk litt lite mat. Frokost klokka ni, ogsaa middag i sjutida. Og middagen kunne eg aate ein dobbel porsjon av kva eg fekk. Det blei litt frustrerande, saa etter ei stund tenkte eg at han rett og slett ikkje likte aa lage mat. Men det gjer me, saa daa var det kanskje ei oppgave for snille, norske jenter. Han likte ikkje heilt det heller. Me brukte for mykje vatn, for mykje gass, og alt for mykje mat! Og ikkje minst, ikkje roer slik med skeia i koppen, det kan komme skaar!!

Captain Cook med alle papirene som ein vakker dag blir til biografien om livet hans.
Me merka betre og betre at gubben hadde budd aleine i 30 aar. Han snakka kun om seg sjoelv, og etter mykje "mann-som-har-budd-aleine-i-30-aar" teoriar, og lite mat, blei det ein lettare irritert stemning. Til slutt foreslo han at me skulle dra paa besoek til ein annan wwoof-heim, og daa sa me JA TAKK!
Fra "gjerrig-orginal1" direkte til "gjerrig-orginalSUPER"
Han her var ein opplevelse. Mannen heiter dr.Pat, nesten 80 aar, og hans livsprosjekt var aa skrive hefter om korleis ein lever eit liv totalt gratis. Han hadde fleire i doktorgradar, i matte og fysikk og andre uforstaaelige ting, og hadde jobba paa NASA. Han hadde to hus. Det eine var ei falleferdige, nedstoeva hus som han kalla "museum of the future". Her hadde han laga mange oppfinnelsar som ikkje trengte elektrisk straum, og som han var overbevist om kom til aa bli tatt i bruk ein gong i framtida.
Det andre huset var det han budde i. Og om museumet var stoevete, saa var huset rett og slett ekkelt skittent. Vannvittig, ekkelt skittent. Svaere spinndelvev dekka taket, stoev og skit i vinduskarmar, bokhyller, overalt! Og ikkje minst doen. blaeh! (Der fann me ogsaa ein lapp som oppfordra til aa ikkje trekke saa ofte ned, daa sparte ein jo baade vatn og energi!)
Men det var betre enn aa vaere sja Captain Cook, for dr. Pat var skikkeleg underholdning. Interessert i Noreg, skroeyt enormt over taco'en med laga (beste maten som var blitt laga i det huset(!!!)), men det beste var at han ikkje hadde noko sosial intelligens i det heile tatt. Han var saa frekk! Men han skjoente det ikkje sjoelv, og det var saa morosamt! Hadde betalt mykje faar aa faatt den kvelden paa film! (Til doemes setningar som: ” ….Jaaa..for daakker saa ikkje har naaken ambisjonar i livet, saa e….”)

Meg og dr. Pat. Synd han ikkje hadde brillene paa, faar kje heilt fram ustraalingen hans paa dette bilete.
Sjoelv om det var god underholdning, frista det ikkje aa vaere der fleire netter. Me ringte i desperasjon til ei dame som budde paa nabooeya, og naar ho hoyrde kor me var sa ho kom kom! Ho visste kven dr. Pat var, for aa sei det slik!
Saa no er med paa Russel Island, 25 km oest for Brisbane, Queensland, Australia.
Dama er veldig sympatisk, mellom 40-50 aar og har den nye “mannen-i-sitt-liv” paa besoek. Dei er VELDIG forelska, og det er veldig skjoent. Ho er ganske alternativ. Dyrkar oekologisk, er buddhist, fargerike klaer, driver med meditasjon, ja, rett og slett ein ekte Dagny. (sjaa link: http://www.tv3.no/index.php?option=com_content&task=view&id=7119&Itemid=840)
Jobben er litt husarbeid, luking og anna hagearbeid, og saa skal me lage saape ein dag! Det blir kjekt!
Me har det bra! Faar god mat, med passelege, jevne mellomrom. Me har faatt vaart eige hus, saa det er skikkeleg heimekoseleg. Her blir med til torsdag, foer med reiser soeroest til ein plass som heiter Stanthorpe.
Over og ut!!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er mange rare dyr i NOAHs ark. Godt dokke får mat igjen. Her går tidå med lubbestrikking. Snart jul. Årets julepresangtema: Bøker og ull. ( bomba)

Siv Jane sa...

Godt dere kom vekk i fra dei gamlingane, men syns allikavel det blei et godt innlegg i bloggen....
Lo godt for meg sjøl når eg leste det :o))
Opplevelsar får dåkke på godt og vondt, men håpe det blir mest og flest gode.
Lykke til videre på ferden