mandag 29. oktober 2007

Warwick Rodeo Festival!

Endeleg! Den store rodeodagen, loerdag den 27. oktober. Dama me jobbar sjaa paa resturanten fiksa det slik at me fekk vere med ein lokal, som heiter Frank.
Paa grunn av hesteinfluensaen som herjar i Australia, brukte dei berre oksar. Noko som kanskje var like greit. For det var skikkeleg action! I byrjinga var det faktisk smaaguttar som proevde seg ogsaa, men dei rei paa kalvar.
For dei skikkelege cowboy'ane var dette ein stor dag. Den som vinn, stikk av med 6000$, som er omkring 30.000 norske kroner!Mykje penger, men ikkje utan risiko. Det gjekk ofte hardt for seg, og utover dagen saag med fleire og fleire med bandasjar og krykker..
Og dei lekte ikkje cowboy... Attituden lyste av dei! Skitne, lyse jeans, cowboysko som var godt brukt, skjorter som var litt revna og hatt! Naar dei var paa oksane brukte mange chaps.. Vanvittig kult! Var ikkje saa lett aa ta gode bileter, men fekk eindel gode videoar! Saa eg legg ut ein av dei..

2 kommentarer:

Anonym sa...

må sei at eg litt bitter på det der ja.. virke konge!!

Anonym sa...

Åå..Dåkke har det så kjekt!
Mathilde har ikkje fått tak i den adresså endå ;) Men me jobbe me saken :)

Kos dåkke masse:) Klemm ♥