Fredag kveld, klokka er ti over halv tolv. Og medan dei andre er ute på livet, sit Ida og eg på hotellrommet å drikk te. Årsak: Har ein light "air condition-forkjøling". Satsar på at den forsvinn med ei lang natt på puta. Det er slitsomt med feber i varmen.
Idag har me hatt ein god dag. Vore på Mangalore University som ligg landleg til utforbi sjølve byen. Der hadde me timar saman med journalistikkstudentane. Fyrst presenterte vi oss sjølv, snakka om Noreg, snakka om media i Norge og til slutt fekk dei sjå ein film frå Sunnmøre som var minst 15 år gammal. Småflaut, med andre ord. Menmen. Dei var høflege nok til å ikkje le høgt.
Etter skulebesøket fekk eg med Magnus og lærerane til stranda. Ikkje berre strand, men ekte sjø! Mangalore er nemleg ein by som ligg på vestkysten av India. Det var herleg å vere ute igjen, og utan støv og støy. Me fekk duppa dei blåkvite kroppane våre og eg fekk endeleg fly med drage igjen. Svært kjekt. Det var god vind og eg fekk til eit nytt triks. (Eg sa det var ein god dag!) I tillegg hadde eg ein morosam hendelse med nokre indiske smågutar.
Medan eg står der med dragen, er det ikkje rom for å gjere så mykje anna enn å stå der med dragen. Blikket må vere der oppe heile tida, viss ikkje går det fort nedover, bokstaveleg talt. Men ei nordkvinne i bikini som flyr drage på ei strand i India tiltrekk seg merksemd. Etter ei kort stund samlar det seg kanskje 5-6 smågutar på ca.t ti år rundt meg. Og når eg står med blikket opp i lufta merkar eg ikkje kor deira blikk befinn seg. Eg trur dei studerer kvar millimeter av kroppen min. Til min opplysning får eg vite at det er rart at eg ikkje har mørke hår på armane. Det har også noko sølvaktig på tærne. Eg er tynn. Og har eg noko i håret mitt no? Krem? Ingenting. Hm. Det var svært merkeleg, For det er litt lyst og inderar brukar bleikningskrem for å få det så lyst. Til slutt byrjar dei å prikke på armane og skuldrene mine. Der blir sjølv mi intimsone truga og eg ber dei slutte. Då er det ein som vågar seg å spør: "You have something on your shoulders. It's darker than your skin. What is it? Looks like skin disease."
Eg forklarer at det heiter frekner, at det også blir kalla beauty spots og dessutan at norwegian boys love it. Greit å få det oppklart, liksom ;)
Dette er ikkje særleg uvanleg oppleving. Følte dette var meir nysgjerrige gutar enn plagsomme menn, viss de forstår forskjellen? For det er nok av menn som grensar til det plagsomme, særskild for dei jentene i gruppa som har lyst hår. Men det skal opplevast det og.
Over og ut, no er det natt i Mangalore.
6 kommentarer:
Hei Ida!! Håper du har det helt konge der nede! Er fast leser av bloggen din, blir spennende å se bildene dine og vi gleder om til du kommer tilbake. Da blir det kaker! :):)
Artig å lese oppdateringer fra Inida. Greit med litt avveksling fra hjemmeeksamen som går ut på å analysere nasjonal beredskapsplan for pandemisk influensa!
Har inntrykk av at india har store mengder høgt utdanna folk som heile verden vil ha. Ikkje bra å komma med 15 år gammalt nytt. Nå tror de at norge verkeligen har bruk for dei, litt mer oppdaterte.
Så blir det verre for dokke å få jobb. Lite strategisk.
Dokke e omsverma,tenk kor fine auger ungane får hvis faren e inder.
HEI triney-lee!!
eg savne deg & halkjelsgata! har det komt kort te daakker? e frk. upstairs blitt kasta ut?
Silje: Hehe, lykke te. imaaraa ska me paa strandaa. ingenting e som aa sitta med skulearbeid naar du vett at naaken slite med strandliv:D
Syns de guttene høres søte ut, så nysgjerrige! MEN skjønner at de brøt intimsonen din...:) Pass godt på deg selv - mannsjåvenister er et universalt fenomen!
Det va KJEKT for deg at du fekk flydd med dragen!! Gratulera med nytt triks:)
Legg inn en kommentar