fredag 16. oktober 2009

Manipal University

Vi køyrer frå Mangalore og skal vidare til studentbyen Manipal. I Volda hadde vi gjesteførelesar herfrå, og no skal vi få sjå korleis det er å vere indisk student for ei veke. Eg prøver å sove litt på vegen, men det viser seg å vere vanskeleg. Vegen minner meg om skogsveiene vi har heime, sjølv om det er ein indisk hovudveg. Etter vi har køyrt rundt ein og ein halv time, dukkar byen Udupi opp. Den er kjend for sitt Krishna-tempel og Rough Guide fortel meg at mange tusen pilgrimar vitjar byen årleg. Butikkane i Udupir ligg tett i tett, det same gjer brunt støv og eksos.

Kontrastane er store når vi kjem til Manipal. Hovudbygget er stort og ser moderne ut, med "Manipal - Inspired by life" logoen på. Foran hovudbygningen ligg ein rundkøyring med grøne planter og fontene i midten, og inne finn ein kafeen Coffee Day, som serverer Cappuchino og andre bykaffiar. Det verkar som vi er komen til ein koloni, eit slags nytt India midt inne i det gamle.

Manipal University er eit privat universitet med rundt 30.000 innbyggjerar. Lokalsamfunnnet er bygd opp og er avhengig av universitetet, ikkje ulikt skulebygda Volda. På mange måtar ser ein likheitstrekk med at staden er liten og at alt ligg i gå-avstand. Nå vi kjem fram og går ut av bilane, kjenner eg meg litt utilpass. For dagen har eg på meg ein Salwar-kameez, som er eit tradisjonelt indisk kvinneplagg. Det har ingen andre. Ungdommane rundt meg går i jeans og t-shorter, og kikkar litt rart på meg. Denne gongen er det ikkje fordi eg er kvit, men fordi eg tydlegvis er for indisk.

Ein typisk indisk ungdom som kjem til Manipal er frå den øvre middelklasse. Dei er rundt 18 år gamle og for fyrste gong vekke frå foreldra. Dei er likevel ikkje uavhengige, slik norske ungdom er når dei flyttar vekk for å studere. For dei fleste betaler foreldra skuleplassen deira, og i tillegg kost og losji. Det er ikkje vanleg å jobbe i tillegg til studiene eller i feriar. Alt studentane har, frå mobil til joggesko, har dei fått av foreldra. I ein time fortel ei indisk jente at foreldra hennar framleis ser på henne som eit lite born og at dei kjem til å gjere det heilt til ho får born sjølv. Dersom ho vil reise vekk frå Manipal ei helg må ho ha lov frå foreldra og det er framleis vanleg at foreldra finn ein passande ektefelle når tida er moden for det. Dei blir også spart for kvardagslege gjeremål. Dei fleste bur på skule-"hostels". Der har dei ikkje egne kjøkken, så dei et all mat i kantina. Dersom det er skittent på rommet skriv ein romnummer på ei vaskeliste før du går på skulen, så er det reint når du kjem att. Skitne klede leverer ein inn og får dei nyvaska og strøkne attende.

Sjølv om forskjellane er store, er det kjekt å snakke med og bli kjent med indisk ungdom som har eit liknande liv som oss. Onsdag kveld åt eg middag saman med eit kjærastepar. (Foreldra veit sjølvsagt ikkje at dei er saman, er du gal!!) Og mykje er likt. Me ser på dei same filmane, høyrer på den same musikken, har lik humor og nesten dei same tankane om framtida. Jenta går journalistikk og har lyst til å ta neste semester i Volda. Eg blir gira og legg ut om fjord og fjell og 17. mai. Kanskje får eg meg ei indisk venninne til våren? Ho må berre få lov av faren fyrst... ;-)

6 kommentarer:

Marit Serine sa...

Måtte le litt når eg leste att du hadde tatt på deg nåke indisk, å alle dei andre gjekk me 'vanlige' kler.
Sykt å lesa om kossen di har det på skulen. Hadde vore så deiligt å sloppe å vaska klernå å rommet sjøl!
Håpe du fortsatt e frisk å rask, og at du lere masse nytt så du kan lera videre te litlasøsså ein gong i tiå:D

Silje O sa...

Jaaaa, få henne til Volda!!:D Eller nå er det vel opp til faren, nå som du har overbevist henne..:)

Siv Jane sa...

Ja er det noen som klarer å "verve" student til Volda, så må det jo vær deg IDA :o)
det hadde jo vært artig med en Indisk studiekamerat!
Artig å lese om kor like dere egentlig er som studenter/ungdommer, men allikevel kor stor "kultur"forsjell det er - med tanke på kor mye foreldrene betale/bestemme osv.

Anonym sa...

min fine kusine, du skriver saa bra! godt og flott at du har det godt og flott.
Naar, og hvor skal vi mnoetes? Hva med papa new guinea i februar? hjertelige hilsner Hanne paa Hawaii

Magggååå sa...

HEI og hopp!!

Her kjeme ei melding frå verdas dårligaste kontakthaldar!=)
Men eg les no bloggen din!=)

Kjekt å lesa, og du imponerer med diktarkunstene!=)

Eg savne deg jaffall! Skrive ein lengre mld te deg på facebook!!

koskos

Cecilie Andreassen sa...

Du kan jo imponera faren hennas med dine indiske klær, så kanskje hu får lov. ;D