fredag 16. oktober 2009

Kunsten aa tenkje POSITIVT???

- Er viktig å ha når ein er på tur. Særskild når ein er på tur i India.

India er eit vanskeleg land å rømme frå. Difor stupar vi heller ned i det. Med eit smil!
Skal me oppsummere dei gode råda som professor Torgeir kom med før vi drog? JA, JA, kjempegjerne!

Initiativ: Vær sjølvgåande og aktive. Ta kontakt med menneska rundt deg!
Nysgjerrigheit: Finn fram til nye ting å oppleve og prøv ting du ikkje har gjort før. Oppdag det indiske matrike!
Du og dei: "Me" er i deira kultur. Vår reaksjon er problemet, ikkje deira levemåte.
Improvisasjon: Ikkje alt går på skinner, og ikkje alt er like smertefritt som i Norge. Vær forbredt på nye situasjonar og eventuelle sjukdommar.
Audmjukheit: Passe oss for ovanfrå og ned haldning. Det er store kontrastar, lat oss utforske!

Dei av dykk som dreg opp snittet på Clemets nasjonale prøvar ser at det loddrettet ordet blir.... INDIA!

La oss trampe på det negative, halde kvarandre i hendene og la den positive energien strøyme gjennom oss!
Sånn ja. Det var betre.

2 kommentarer:

Siv Jane sa...

Godt sagt Ida :o)

Cecilie Andreassen sa...

wow nå blei eg kjempeinspirert! seriøst:D skikkelig bra!