fredag 23. oktober 2009

Goa

Kva skjer når tyske menn i tigertruser møter russiske rikingar? For å sitere mottoet til staten eg oppheld meg i; It´s better in Goa.

Goa er er avbrekk frå India. Eit pustehol på turen, før vi reiser vidare på eigen hand. Om Goa verkeleg eg betre, er sjølvsagt ein smakssak, men staten tilbyr mykje som kan vere vanskeleg å finne i resten av landet. Her har vi moglegheit til litt kukjøtt til middag og kleskodane er ikkje så strikse lenger. Det verkar som om mange turistar tek dette bostaveleg, der dei sit i berre speedoen medan dei gaflar innpå med vestleg mat. Kan ikkje skryte på meg å vere så mykje betre sjølv. I alle mine dagar i Goa har fordøyelse og resten av kroppen oppført seg fint, og eg trur det var på tide å få litt næring i seg etter diverse sjukdommar. (Eg har merka at det er akspetert å snakke om avføring høgt i gruppa etter ei tid i India, men skal spare dykk for det her. Kva veit vel eg, kanskje nokon av dykk sit med ei skjeve nugatti i handa?) Etter Goa skal eg ete så mykje dal og masala og tikka og tandoori at eg spyr. Lover. Men akkurat no vil eg ha cheese & tomato omeletten min i fred, takk.

Sjølv om eg har satt India på pause, klarer eg lett å fylle dagene. Eg har nemleg hatt moglegheit til å vere i nærleiken av ein ekspert på eit område som tidlegare har vore litt anstrengt for meg. TÆN. Eksperten heiter Silje og har ein svært jevn og fin brunfarge over heile kroppen. Det er ikkje tilfeldig. Den har heller ikkje komt av seg sjølv. Den kjem gjennom kunnskap. Eg veit ikkje om eg har lov til å publisere desse opplysningane for allmennheita, men eg tek ein råsjangs.

1. Beste TÆN-tid er mellom 12-15. Be there.
2. Smør ansiktet med litt høg solfaktor. Viss ikkje straffar det seg med at du får rynketryne når du er 40.
3. Resten av kroppen må også smørast, men ikkje overdriv med solfaktoren. Det er betre å bli litt rødbrun, for det blir brunt etterpå.
4. Dypp kroppen i saltvann av og til.
5. IKKJE bad i klorbasseng etter TÆN. Dersom du gjer det, dusj rett etterpå. (Denne feilen gjor eg diverre. Det tok frå meg brunfarge frå ein halv dag med TÆN. Suckerpunch til meg.)
6. Smør kroppen inn med aftersun om kvelden.
7. TÆN with passion.

Hotellet vi bur på heiter Holiday Beach Resort . Dei fleste som les denne bloggen er sikkert kjend med mitt synspunkt om kjønn, og kva slag som er det sterke. Holiday Beach Resort set to sterke, raude strekar under desse synspunkta.
På døra inn til kontoret står det "Jesus is the head of this house." Det er han nok, men han har overlatt alt ansvar til Madam. Madam har kanskje ansatt ti menn for å hjelpe seg, men utan Madam er dei berre ti hjelpeslause menn. Då kan ein ikkje få nokonting gjort og ein kan ikkje få svar på nokon spørsmål. Det einaste ein kan gjere er å vente på Madam.

Døme 1: Telefonsamtale ned til resepsjonen. Hello. it´s room number 106 calling. could we have some clean towels to our room, please? Svar: "yes yes yes." Etter ein halvtime går eg ned til resepsjonen for å sjekke kva som eigentleg skjer. Då eg konfronterer dei med spørsmålet mitt får eg som svar: "Madam is not here."
Døme 2: Eg er nede i resepsjonen for å gi beskjed om at vi blir 3 netter til. Eg ser at Madam er vekke, eg anar uråd, men det er trass alt ein ganske enkel beskjed. Eg prøver meg forsiktig fram med bodskapet, men blir avvist kort og brutalt med den same: Madam is not here. Denne gongen tilføyer han; You know, Madam is here (held handa høgt oppe) and Madam is here (held handa lavt nede). Madam is everywhere!! I am nothing. You have to wait for Madam.

Eg kjenner at eg blir litt irritert, men vi har fått streng beskjed frå professor Torgeir om å ikkje prøve å forandre India, så eg godtek situasjonen. Når det er sagt, er Madam eit rivjern som kommanderar, fikser og får ting gjort. Eg kjenner eg har sansen for ho og, ja rett og slett, blir litt glad i Madam. Eg undrar kva som hadde skjedd dersom Madam blir sjuk? Kva skjer dersom Madam blir gravid? Kva skjer dersom Madam hiv seg på IT-bølga og reiser til Bangalore? Eg trur ingen har lyst å finne svar på desse spørsmåla.

For eit par dagar sidan var vi på marked, og då blei eg stoppa og fekk spørsmål om eg ville vere med i Bollywood film! Artig! Det skal vere nokre scener frå ein kjend uteplass her i Goa og dei trengte vestleg ungdom. Vi får mat og drikke og 1000 rupee kvar. Ikkje verst. Mor mi spanderte 4 år med teaterundervisning frå Tysvær Kulturskule og no skal endeleg talentet visast fram. Eg gler meg.

No, i dette augneblikk, (fredag 23.okt. kl. 17.07) er det berre eg og Ida att i Goa. Nokre har reist til Bombay og nokon har reist lenger sør. Vi blir litt lenger, sidan Ida jobbar med reportasjeoppgåva si her. Ho skriv om situasjonen til eldre i India, og det verkar som ho er godt i gang. Spennande! Ho er ute på "jobb" no og eg sit på terassen vår og skriv på macén hennar. Rundt meg jobbar dei intenst med å fikse hus og lage alt fint til turistane kjem. Vi er nemleg heilt i byrjinga av sesongen. Om ei lita stund tenkte eg meg tilbake på stranda. Den finaste tida er solnedgangen. Sola går ned i havet her og det blir litt kjøligare og veldig fint.

Mandag flyr vi "tilbake" til India, nærare bestemt Calcutta.(Eller Kolkata som det heiter no) Planane vidare er litt vage, sidan alt er avhengig av kva tid eg får reise til landsbygda i Rajastan og skrive saken min. Får vite tidspunkt den 30. oktober og før det tek vi ein dag av gongen. Det er mykje spennande i Calcutta og eg gler meg til å reise igjen. Eg og Ida har det fint saman, bortsett frå at ho ikkje liker gåtene mine. Dei må eg halde for meg sjølv. Det går greit, eg innser at alle forhold handlar om å gi og ta, dele og få. Viss ikkje går det alltid an å ty til konfliktløysaren Dagny: "Æ lov dæ. Vi ska snakke om det.... Kanskje." ;-)

ps1: Trekk tilbake det eg skreiv om fordoeyelsen. To timar seinare byrja eg paa nytt aa tisse med rumpa, som Maiken kallar det saa fint.
ps2: Faatt klage om manglande bileter, og eg tar poenget. Litt styr aa legge inn naar ein kun har pc'ar fraa forrige aarhundre, men eg skal ofre meg og proeve i det minste.
ps3: Eg anbefalar herved blogginnlegget til Silje, sjaa til venstre for link. meget bra innlegg om goa, lo hoegt fleire gonger.

2 kommentarer:

Silje sa...

http://www.ark.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2808968

En bok om ditt interessante problem :)

Er noen av gåtene gode nok for bloggen din?

Siv Jane sa...

Utrolig godt skrevet Ida -
du MÅ jo bli forfattar - eg skal kjøpa bokå eg :o)