søndag 4. oktober 2009

Taj Mahal

Dagane går fort! Det verkar som eg berre står opp og legg meg, står opp og legg meg.

Fredag hadde me eit møte med ei norsk dame som var kunstnar/klesdesignar i India. Så var me i eit Sikh-tempel og etterpå vart det marked med håndlaga ting og klede. Dei fleste kjøpte litt klede, kanskje me klarer å snike oss litt meir inn i mengden no. Det er jo lov å håpe.

Idag var den O¨ store dag for sjølvaste Taj Mahal. Mange tykkjer det er den vakraste bygningen i verda. (Personleg gir eg den 2.plass, etter gapahuken til Øyvind.) Taj Mahal var ferdig bygga i 1653 og var til minne om Mumtaz Mahal. Ho var favorittkona til Shah Jahan, men døydde i barsel då ho skulel føde born nr. 14. Svært kjend bygg og det var mykje folk.

Imorgon tidleg reiser dei andre til Bangalore. Ida og eg blir igjen til mandag ettermiddag sidan eg har ein intervjuavtale mandag morgon. Reknar med at morgondagen går med til å forberede meg til den. Kanskje får vi også tid til å kikke på moskeen eller gå på indisk danseshow. Eller begge deler.

PS. Dette blei skrevet laurdag kveld på macen til Ida. Uten inspirasjon. Eg har truser i ei bøtte på badet som skal vaskast og hengast opp. Kor er mor mi når eg treng ho? -eg undrar, eg undrar.

2 kommentarer:

Marit Serine sa...

Ida, du e så flotte!
Taj Mahal såg veldig flott ut det og, men ikkje så flott så deg.
Nå har tante å guttane reist videre opp te trøndelag, å eg sko hilsa masse te deg fra dei å fra farfar på bloggen ;)
Håpe du kose deg! Love you <3

Cecilie Andreassen sa...

tenk å pressa ut fjorten ungar.. kjekt for na at hu fekk et fint hus.